Nordøyvegen gir fastlandssamband for rundt 2900 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune i Møre og Romsdal.
Dei rundt 10 000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy blir knytt nærare saman. Både næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt transportsystem.
Nordøyane har i dag to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.
-
Lepsøybrua, 800 meter lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
-
Laukebrua, ei 110 meter lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
-
Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter lang bru i Hamnaskjersundet.
-
Haramsfjordtunnelen frå Hestøya til Austnes, 3500 meter.
-
Nogvafjordtunnelen, frå Longva på Flemsøya til Fjørtofta, 5730 meter.
-
Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta til Myklebust på Harøya, 3680 meter.
-
Burbergtunnelen, ein miljøtunnel på Fjørtofta, 170 meter.
-
Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, totalt 2735 meter.
- Ny veg over Fjørtofta.